Fartøyhistorie frå Fjelberg, Halsnøy og Valen, del 2
400 kr
Pris
400 kr
Seljar er Halsnøy Historiske Senter (org.nr. –). Betalinga går direkte til seljaren – Right in formidlar berre bestillinga.
Om vara
Dette er det andre bandet i serien om fiske- og fraktebåtar i området frå 1900-talet og fram til i dag. Så langt det har vore mogleg, følgjer boka mange av båtane frå «vogge til grav» – frå dei blei bygde til dei blei kondemnerte eller tekne ut av teneste. Begge bøkene byggjer i stor grad på arbeid gjort av Arild Engelsen frå Tønsberg, som har over mange år registrert og dokumentert fakta om rundt 500 motoriserte fartøy som har vore i drift her. I tillegg til spesifikke omtalar og bilete av båtane inneheld boka reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport. Fiske var ofte ei viktig attåtnæring til små og lite lønsame gardsbruk, noko som forklarar det store talet på fartøy i området. Boka inneheld også anna historisk materiale og dokumenterer lokal kysthistorie og -kultur på ein grundig måte. Bind 2 utfyller bind 1 og saman utgjer desse to bøkene eit godt oppslagsverk for den som er interessert i den lokale, maritime historien.
Henting hos arrangøren
Halsnøy Historiske Senter, Slettanesvegen 21, 5457 Høylandsbygd
Sending i posten
Frakt 100 kr
Kontakt Halsnøy Historiske Senter
- Slettanesvegen 21, 5457 Høylandsbygd
- 958 42 969
- per.ove@kviteberg.no
- www.halsnoy.com