Ikkje gebyrpåslag

Er du arrangør? Logg inn eller bli arrangør

For arrangørar · rightin.no

Billettsal
gjort enkelt.

Sel billettar med ditt eige Vipps-oppsett – pengane går rett til deg. QR-innsjekk ved døra, og éin enkel pris.

Eige Vipps-oppsett QR-innsjekk Enkel pris: 2,9 %
OpprettSelVippsQR-innsjekkRight in

Éin enkel pris

2,9 %per selde billett

Minimum 99 kr per gjennomførte arrangement. Inga betaling før arrangementet er over.

Vanlege spørsmål om prisen

  • Inga betaling før arrangementet er over
  • Ingen gebyrpåslag for publikum – prisen du set er prisen dei betaler
  • Pengane går rett til din konto via ditt eige Vipps-oppsett
  • Ingen faste kostnader, inga binding

Arrangørar om Right in

«Vi var i gang på under ti minutt, og innsjekkinga med QR gjekk heilt knirkefritt ved døra.»

— Arrangør av kulturkveld, Vestland

«Publikum slapp å lage konto, og pengane gjekk rett inn på vår konto via Vipps. Akkurat så enkelt som lova.»

— Frivillig lag og forening

«Vekerapporten på e-post gir oss full kontroll på salet utan at vi treng å logge inn kvar dag.»

— Konsertarrangør

Ditt eige Vipps-oppsett

Publikum betaler med Vipps, og pengane går rett til din konto – ikkje via oss.

QR-innsjekk med mobilen

Skann billettar rett frå telefonen ved døra. Gyldig, brukt eller ugyldig – svar på sekundet.

Ingen konto for publikum

E-post er alt som trengst. Billettane er klare på sekund – færre hindringar, fleire selde billettar.

Full oversikt

Sal, visingar og innsjekkingar i dashbordet – og vekerapport rett i innboksen.

Så enkelt er det å komme i gang med Right in

Rettleiing for arrangørar på fire sider: konto, kontaktinfo, arrangement, deling og plakat, innsjekk, rapportar og pris – pluss «Kople til Vipps – steg for steg». Tips: trykk F1 kvar som helst på Right in for å opne henne.

Last ned rettleiinga (PDF)

Instruks til dei som står i døra

Éi side som forklarer innsjekk med mobilen – skann, fargar og manuell kode. Skriv ut eller send til frivillige. Innlogga finn du ei utgåve ferdig utfylt med arrangementet ditt under «Sjekk inn».

Last ned PDF

Klar til å selje billettar?

Opprett arrangementet i dag – inga betaling før arrangementet er over.